Motstand mot vindkraft på land og til havs

Forfatter
Grafikk

Stipendiat Ingrid Kvåle Faleide

Stipendiat Soran Hajo Dahl

Publisert

28. november 2023

I dette notatet blir det presentert to tidsseriar om haldningar til vindkraft frå Norsk medborgerpanel. Den eine viser motstand mot meir utbygging på land, og den andre viser motstand mot utbygging til havs. Vi har svar frå seks tidspunkt1.

Bakgrunn

Vindkraft har blitt eit viktig tema innanfor energipolitikk og berekraftig utvikling. I eit spreiddbygd land med ei langstrekt kystlinje har Noreg stort potensiale for utbygging av vindkraft både på land og til havs. Med eit veksande behov for straum, og mål om å redusere klimagassutslepp, kan vindkraft vere ein sentral del av løysinga for å sikre energiforsyning. Samtidig kan vindkraftutbygging ha negative konsekvensar for naturen, dyreliv, fiskeri og sjøfart, i tillegg til nærmiljøet der vindturbinane vert sette opp. Utbygging av vindkraft inneber også store økonomiske kostnadar og tekniske utfordringar. Den eine tidsserien som blir presentert her viser korleis motstanden mot vindkraft på land har auka mellom 2014 og 2019. Den andre viser framvekst av motstand også mot vindkraft til havs dei to siste åra.

Resultat

Figur 1 viser kor mange prosent som svarar at dei er anten svært ueinige, ueinige, eller noko ueinige i at det skal byggast ut meir vindkraft på land og til havs i Noreg. Første gongen vi spurde om haldningane til utbygging av vindkraft i 2014 var vindkraftinstallasjonar på land i ein planfase. Det var då liten motstand mot meir utbygging både på land og til havs. Då vi spurde igjen i 2019 hadde utbygginga av vindkraft på land skote fart (NVE, u.å.). Figur 1 viser at motstanden mot utbygging på land hadde auka til 44 prosent, medan den framleis var låg når det gjaldt utbygging til havs. Vi målte ikkje støtta mellom 2014 og 2019, men ein studie av Twitter-data peikar mot at det var lite endring i diskusjonen om vindkraft i Noreg mellom 2014 og 2018. Først i 2019 endra diskusjonen seg2. Motstanden mot utbygging av meir vindkraft på land ser ut til å ha stabilisert seg mellom 40-50 prosent i dei siste fem målingane. Befolkninga er altså svært delt i dette spørsmålet.

Når det gjeld motstand mot utbygging til havs ser vi lite endring fram til og med hausten 2021. Vindkraft til havs har til då berre vore ein teoretisk mogelegheit. Så skjer det noko. I 2022 blir vindkraftprosjekt til havs meir realistiske. I løpet av året kunngjer regjeringa m.a. ei storstilt satsing på havvind og legg fram ambisjonsnivå for havvind (Regjeringen 2021). I figur 1 ser vi at frå hausten 2022 er det meir motstand mot utbygging av vindkraft også til havs. Dei som motset seg utbygging til havs er framleis eit mindretal, men det er verdt å merke seg at over 20 prosent av nordmenn ikkje støttar utbygging av vindkraft til havs. Veksten i motstanden frå 2021 til 2022 er signifikant, og den har halde seg rundt det same nivået dei siste tre målingane.

Når vi jobbar med å forstå nordmenn sine haldningar til ulike samfunnsspørsmål bryt vi gjerne ned resultata på variablar som aldersgruppe, kjønn, utdanning, inntekt og bustad. Det som er aller mest slåande når vi gjer dette med spørsmåla om utbygging av vindkraft, er kor like resultata er på tvers av ulike grupper. Noko er likevel verdt å merke seg. Figur 2 viser kor mange som er ueinige i at vi bør bygge ut meir vindkraft på land og til havs innanfor kvar kategori. Menn er meir negative til vindkraft til havs (24 prosent) enn kvinner (19 prosent). Det er mindre skilnad mellom menn og kvinner i spørsmålet om utbygging på land. Når det gjeld aldersgrupper er mønsteret det same for motstand mot vindkraft på land som til havs: Det er minst motstand blant dei yngste. Også utdanningsnivå viser det same mønsteret i begge spørsmåla: Der er meir motstand blant dei som ikkje har høgare utdanning, samanlikna med dei som har utdanning frå universitet eller høgskule. Sjølv om denne skilnaden er statistisk signifikant, er 6 og 7 prosentpoeng mykje mindre enn skiljet mellom dei med høgare utdanning og ikkje i andre klima- og miljøspørsmål, slik som bekymring for klimaendringar, klimaskepsis, vekst versus vern, og utfasing av fossilbilar.

Det er interessant å sjå kor lite ideologisk plassering heng saman med haldningar til vindkraft. Raudt, Senterpartiet og Framstegspartiet sine veljarar skil seg ut som dei med mest motstand mot meir utbygging, både når det gjeld utbygging på land og til havs. Når partia er sorterte etter ideologisk plassering på den tradisjonelle venstre-høgre-aksen – med Raudt øvst og Framstegspartiet nedst – ser vi at fordelinga dannar ein «E». Blant dei som ville stemt på dei to ytste partia er rundt 60 prosent mot utbygging av vindkraft på land, også ser vi ein litt lågare strek om lag på midten også: Blant dei som ville stemt på Senterpartiet er rundt halvparten negative til utbygging på land. Det same mønsteret er synleg i dei blå søylene.

Dei mest slåande resultata når det gjeld haldningar til utbygging av vindkraft, er kva folk meiner i dei ulike delane av landet. Haldningane i Nord-Noreg (TrFi = Troms og Finnmark), Trøndelag og Møre og Romsdal (MøRo) er omtrent som landsgjennomsnittet når vi ser på vindkraft på land. I Vestland og Rogaland er motstanden mest utbreidd, her er dei fleste i mot utbygging på land (51 og 55 prosent). Særleg innbyggjarane i Vestfold og Telemark (VeTe), Viken og Oslo dreg gjennomsnittet ned. Der er motstanden i snitt under 40 prosent, og der bur det mange menneske. Mostanden mot utbygging til havs er mest framtredande i Nordland (29 prosent) og i Møre og Romsdal (30 prosent). Igjen er det dei som bur i Oslo som er minst negative (15 prosent), følgt av dei som bur i Trøndelag (18 prosent).

Diskusjon

I dette notatet har vi sett korleis haldningane til vindkraft på land og til havs har utvikla seg frå 2014 til 2023. Motstanden mot vindkraft på land og til havs var ganske jamn i 2014. Så viser tala ein dramatisk auke i motstand mot vindkraft på land i 2019. Dei siste åra har denne motstanden til meir utbygging på land stabilisert seg mellom 40 og 50 prosent. Det er ganske spesielt at det er så liten skilnad i gjennomsnittleg motstand mot vindkraft når ein samanliknar på tvers av kjønn, alder og utdanningsnivå. Det er derimot tydelege skilnader i gjennomsnittssvar når vi ser på motstanden i kvart fylke. Dette heng nok saman med at dei som bur i område som er godt eigna for utbygging av vindkraft er bekymra for negative effektar lokalt. Kunne den intense motstanden vi var vitne til i 2019 ha vore unngått? Det er ganske tydeleg at den kom som følgje av meir utbygging, men det er ikkje nødvendigvis slik at meir utbygging må føre til så sterk motstand. Det er sannsynleg at visse grep kunne vore tekne både i plan- og implementeringsfasen for å imøtekome lokale interesser betre. Tiltak som fører til at lokalsamfunnet får noko att for vindkraftinstallasjonane kan bidra til mindre misnøye, viser Jikiun, Tatham, og Oltedal (2023). Dei finn at visse vilkår - som at lokale aktørar får nytte av den fornybare energien - kan snu negative haldningar til lokale vindkraftprosjekt.

Det er liten tvil om at dette vil halde fram med å vere viktige spørsmål for Noreg i åra som kjem, så dette er viktige medborgartrendar å følgje med på framover.

Litteraturliste

Jikiun, Sunniva Petersen, Michaël Tatham, og Velaug Myrseth Oltedal. 2023. «Saved by Hydrogen? The Public Acceptance of Onshore Wind in Norway». Journal of Cleaner Production 408 (juli): 136956. https://doi.org/10.1016/j.jclepro.2023.136956.
NVE, Noregs vassdrags- og energidirektorat). u.å. «Vindkraftdata». https://doi.org/https://www.regjeringen.no/no/tema/energi/vindkraft-til-havs/id2873850/.
Regjeringen. 2021. «Vindkraft til havs - tidslinje». Tidslinje. Regjeringen.no; regjeringen.no. 13. oktober 2021. https://www.regjeringen.no/no/tema/energi/vindkraft-til-havs/id2873850/.
Vågerö, Oskar, Anders Bråte, Alexandra Wittemann, Jessica Yarin Robinson, Natalia Sirotko-Sibirskaya, og Marianne Zeyringer. 2023. «Machine Learning of Public Sentiments toward Wind Energy in Norway». 5. april 2023. https://doi.org/10.48550/arXiv.2304.02388.

Footnotes

  1. Ordlyd, tal respondentar og randomisering varierer noko frå runde til runde. Desse skilnadane er gjort greie for i dette medborgarnotatet. Dei nyaste tala, frå sommaren og hausten 2023, er baserte på heilt same ordlyd og om lag same tal observasjonar som dei frå hausten 2021.↩︎

  2. Vi veit at Twitter-«befolkninga» slett ikkje er representativ for resten av befolkninga, men desse tala gir i alle fall ein indikasjon på korleis diskusjonen om vindkraft utvikla seg i Noreg frå 2008 til 2022: (Vågerö mfl. 2023).↩︎