Skal det vere lov å kjøpe nye bensin- og dieselbilar etter 2025?

Forfatter
Grafikk

Stipendiat Ingrid Kvåle Faleide

Stipendiat Soran Hajo Dahl

Publisert

28. november 2023

Dette notatet tek føre seg nordmenn sine haldningar til utfasing av fossilbilar i Noreg. Dette spørsmålet har blitt stilt i Norsk medborgerpanel kvart år frå 2016-2023.

Bakgrunn

I nasjonal transportplan (NTP) er det eit framlegg om at alle nye personbilar skal vere elektriske eller bruke hydrogen frå 2025. Framlegget har bakgrunn i målsettingar knytte til klima, miljø og berekraft. Det er eit viktig mål for Noreg å redusere klimagassutslepp for å avgrense global oppvarming. Transportsektoren er ei vesentleg kjelde til klimagassutslepp, og overgangen til nullutsleppsbilar blir sett på som eit viktig tiltak for å redusere desse utsleppa. Bruk av fossilbilar fører også til lokale miljøproblem som forureining og dårleg luftkvalitet. Overgangen til nullutsleppsbilar bidreg til betre luftkvalitet og redusert støy.

Det har vore ei viktig teknologisk utvikling innanfor elektriske bilar og alternative drivstoff som hydrogen. Utviklinga har ført til at nullutsleppsbilar no er meir tilgjengelege og har blitt meir konkurransedyktige samanlikna med tradisjonelle fossilbilar. Noreg har vore ein leiande nasjon innanfor elektrifisering av transport, og i 2022 var rundt 80 prosent av nybilsalet el-bilar (Bråthen 2023). Fleire andre land har også innført eller planlegg å innføre forbod mot sal av nye fossilbilar i nær framtid. Medlemslanda i EU har blitt einige om å forby nye fossilbilar frå 2035 (Europaparlamentet 2022).

NTP 2018-2029 vart godkjent av Samferdselsdepartementet i 2017, under Solberg-regjeringa. Heilt sidan hausten 2016 har vi kvart år spurt respondentane i Norsk medborgerpanel kva dei meiner om dette framlegget om utfasing av fossilbilar:

I Nasjonal Transportplan 2018-29 står det et forslag om at alle nye personbiler fra 2025 skal være elektriske eller bruke hydrogen. Hvilket av utsagnene nedenfor kommer nærmest ditt syn:

Spørsmålet har vore stilt heilt likt kvart år, og det har to svaralternativ:

  • I 2025 bør alle nye personbiler som selges gå på elektrisitet eller hydrogen.
  • I 2025 bør det fremdeles være anledning til å kjøpe nye personbiler som går på diesel og bensin.

Denne teksten ligg også inne i spørjeskjemaet etter spørsmålet:

Se Nasjonal transportplan 2018-2029, s. 16, tilgjengelig her: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-33-20162017/id2546287/

Analyse

Figur 1 viser korleis den overordna trenden i befolkninga har utvikla seg frå 2016-2023. Hausten 2016 svarte 37 prosent at dei var einige i dette framlegget for utfasing av fossilbilar. Eitt år seinare var støtta for utfasing 43 prosent. Sidan har det vore mindre og mindre oppslutning om den grøne linja ettersom vi nærmar oss 2025 år for år. I 2023 meiner over 70 prosent av nordmenn at det framleis bør vere høve til å kjøpe nye personbilar som går på diesel og bensin etter 2025.

Figur 2 viser kor mange prosent som støttar framlegget om utfasing av fossilbilar innanfor dei sosiodemografiske kategoriane. Berre blant dei yngste respondentane (54 prosent) er det fleire som er positive enn negative til framlegget. Støtta er ganske lik blant menn (31 prosent) og kvinner (39 prosent). Den er høgare blant dei som har fullført høgare utdanning (41 prosent) enn dei som ikkje har gjort det (23 prosent). Sjølv når resultata er brotne ned etter kva område ein bur i er der ingen område med meir støtte enn motstand til framlegget, trass tydeleg variasjon. Fordelinga er basert på følgjande spørsmål: «Hvilken beskrivelse passer best på området du bor i?». Blant dei som svarte «En storby» støttar 49 prosent utfasing av fossilbilar. Blant dei som svarte «En forstad eller utkanten av en storby» («Forstad» i figur 2) er støtta til utfasing 38 prosent. For dei som bur i «En liten eller mellomstor by» («Mindre by» i figur 2) er gjennomsnittet 33 prosent. Støtta er lågast blant dei som bur i «Et bygdesentrum» («Bygd» i figur 2) med 25 prosent, og «Et spredtbygd strøk» («Spredtbygd» i figur 2) med 23 prosent.

Vidare viser figuren støtte til dette framlegget etter stemmeintensjon. Det er sterk samanheng mellom kulturelt liberale verdiar og støtte til klimapolitikk (Hooghe, Marks, og Wilson 2002). Figur 2 viser korleis dei ulike partia sine veljarar stiller seg til utfasing av fossilbilar. Partia med flest veljarar som er i mot framlegget er plasserte øvst, og partia med flest veljarar som er positive er plasserte nedst. Då er partia sorterte slik ein skulle forvente langs den kulturelle politiske skiljelinja (Stein 2023). Dei mest kulturelt konservative partia ligg øvst (Framstegspartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti), og dei mest kulturelt liberale nedst (Miljøpartiet Dei Grøne, Sosialistisk Venstrepati, Venstre, Raudt og Arbeidarparitet). Nesten alle som ville stemt på Frp (91 prosent) er i mot utfasing av fossilbilar. Også blant Sp sine veljarar er dei aller fleste i mot dette framlegget (81 prosent). Berre blant dei som ville stemt på V, SV og MDG er det fleire som er for enn imot. MDG sine veljarar skil seg tydeleg frå resten, blant desse er 80 prosent for at alle nye personbilar som blir selde i Noreg skal gå på elektrisitet eller hydrogen frå 2025.

Diskusjon

Figur 2 viser at dei som bur i storby skil seg tydeleg frå dei meir rurale områda. Urbane veljarar har som regel meir kulturelt liberale verdiar (Hooghe, Marks, og Wilson 2002). Det er difor som forventa at der er tydelege skilje i haldningar til utfasing av fossilbilar basert på det subjektive målet på kva område ein bur i. Dette kan også tolkast som eit resultat av kva som er status quo for respondentane. Nullutsleppsbilar er langt vanlegare i forstadar og urbane område enn i rurale område. Ei viktig årsak til dette er korleis det i mange norske byar er både dyrare og meir tungvint å køyre fossilbil på grunn av høgare bompengetakstar og parkeringsavgifter, i tillegg til at der gjerne er eigne køyrefelt for bussar og elektriske køyretøy (Kester mfl. 2020).

Motstanden mot utfasing av fossilbilar er nok til dels eit uttrykk for at folk ikkje støttar tiltak som inneber innskrenking av valfridom. Sjølv om fire av fem nye bilar i 2022 var elbilar, er 7 av 10 nordmenn i mot at alle nye personbilar skal vere elektriske eller gå på hydrogen om to år. Resultata frå den tidsserien som vart presentert i dette notatet viser ein jamn nedgang i støtta til NTP-framlegget om utfasing av fossilbilar. Frå hausten 2017 søkk støtta for utfasing litt meir for kvart år vi nærmar oss 2025. Liknande resultat har vi sett når det gjeld støtta til utbygging av vindkraft; etterkvart som noko som ein gong verka fjernt kjem nærare i tid og rom søkk støtta.

Litteraturliste

Bråthen, Henrik. 2023. «Fire Av Fem Nye Biler i 2022 Var Elbiler». SSB. https://www.ssb.no/transport-og-reiseliv/landtransport/statistikk/bilparken/artikler/fire-av-fem-nye-biler-i-2022-var-elbiler.
Europaparlamentet. 2022. «EU Ban on Sale of New Petrol and Diesel Cars from 2035 Explained». europaparl. 11. mars 2022. https://www.europarl.europa.eu/news/en/headlines/economy/20221019STO44572/eu-ban-on-sale-of-new-petrol-and-diesel-cars-from-2035-explained.
Hooghe, Liesbet, Gary Marks, og Carole J. Wilson. 2002. «Does Left/Right Structure Party Positions on European Integration Comparative Political Studies 35 (8): 965–89. https://doi.org/10.1177/001041402236310.
Kester, Johannes, Benjamin K. Sovacool, Lance Noel, og Gerardo Zarazua de Rubens. 2020. «Rethinking the Spatiality of Nordic Electric Vehicles and Their Popularity in Urban Environments: Moving beyond the City?» Journal of Transport Geography 82 (januar): 102557. https://doi.org/10.1016/j.jtrangeo.2019.102557.
Stein, Jonas. 2023. «Blir Norsk Politikk GAL Norsk statsvitenskapelig tidsskrift 39 (1): 41–49. https://doi.org/10.18261/nst.39.1.3.