Skal vi sikre økonomisk vekst gjennom utbygging av industri eller verne miljø?

Forfatter
Grafikk

Stipendiat Ingrid Kvåle Faleide

Stipendiat Soran Hajo Dahl

Publisert

28. november 2023

Dette notatet handlar om kva nordmenn meiner om avveginga mellom økonomisk vekst og vern av miljø. Dette er eit spørsmål som er mykje brukt i statsvitskapen, m.a. for å samanlikne framveksten (og tilbakeslag) av post-materialistiske verdiar.

Bakgrunn

Ronald Inglehart var ein framtredande statsvitar, kjend for sitt arbeid med kulturell endring, verdiar og politisk åtferd. Han forska på påverknad av økonomisk utvikling på verdiar og haldningar. “Materialistiske” verdiar er typisk økonomisk og fysisk tryggleik. Når vi oppnår slik tryggleik er det rom for å utvikle “post-materialistiske” verdiar som autonomi, sjølvrealisering og livskvalitet (Inglehart 2007, p. 224). Her er også haldningar til klima og miljø sentrale. Med utstrekt bruk av data frå World Values Survey (WVS), har Inglehart publisert ei rekkje bøker og artiklar om desse emna Norris og Inglehart (2019).

I ein artikkel frå 1995 omtalar Inglehart støtta for miljøvern i 43 ulike land. Her blir det lagt vekt på at dei fleste er for miljøvern generelt, men det er vanskelegare å støtte spesifikke tiltak når kostnaden for å verne miljøet blir gjort tydeleg. Nokre gonger betyr ikkje vern nødvendigvis økonomisk tap, og i slike tilfelle er vala som regel enkle. Det er meir krevjande når samfunnet blir tvunge til å ta val der konsekvensen går på kostnad av noko anna. Forsking på haldningar til miljøvern og økonomiske kostandar må difor innebere avvegingar for å vere realistisk (Inglehart 1995, p. 59). Det er her politikken kjem inn.

Spørsmålet som blir presentert i dette notatet bygger på arbeidet til Inglehart og resten av teamet bak WVS. Der er spørsmålet stilt slik:

Here are two statements people sometimes make when discussing the environment and economic growth. Which of them comes closer to your own point of view?

A. Protecting the environment should be given priority, even if it causes slower economic growth and some loss of jobs

B. Economic growth and creating jobs should be the top priority, even if the environment suffers to some extent

Resultata frå WVS 2017-2022 viser at i 90 land svarar gjennomsnittleg 54 prosent av befolkninga at det er viktigast å prioritere miljøet. På landsbasis er det flest i Sverige som ønskjer å prioritere miljøet (85 prosent), og færrast i Litauen (30 prosent) (López de Calle Bastida 2023, p. 14). López de Calle Bastida (2023) si analyse viser at rundt 65 prosent av nordmenn svarar alternativ A med WVS si formulering.

I Norsk medborgerpanel stiller vi spørsmålet på denne måten:

Hvor enig eller uenig er du i følgende påstand:

Økonomisk vekst bør sikres gjennom utbygging av industrien, selv om det kommer i strid med miljøinteresser.

Dette har vi spurt respondentane i Norsk medborgerpanel om sidan 2017. Svarskalaen er ein standard med 7-punkt frå “Svært einig” til “Svært ueinig”. I figur 1 er dei som svarar anten “Svært einig”, “Einig” eller “Noko einig” slått saman i den grå streken, medan dei som svarar nokon grad av ueinig er samla i den grøne streken. Dei som svarte “Verken einig eller ueinig” er ikkje med i figuren.

Resultat

Då vi stilte spørsmålet første gong i 2017, var støtta for vekst og vern omtrent heilt lik - 43 og 44 prosent var for kvar av dei (resten svarte midtkategorien). Støtta til den grå linja - dei som vil prioritere vekst over vern - hadde minka litt to år seinare, til 32 prosent i 2019. Det siste året har oppslutninga om vekst framfor vern auka igjen, og vi er no i 2023 tilbake på den same fordelinga som vi såg i 2017 – 43 prosent på kvar side. Vi har altså gått i frå ei veldig jamn fordeling mellom dei to linjene, via litt fleire tilhengjarar for den grøne linja, og tilbake til ei jamn fordeling i 2023 mellom dei som ønskjer å verne miljøinteresser og dei som helst vil sikre økonomisk vekst.

Figur 2 viser resultata baserte på visse bakgrunnskarakteristikkar. Den mørkaste grønfargen er dei som svarar “Svært ueinig”. Ein nyanse lysare viser kor mange som svarte “Ueinig”. Den lysaste grøne viser kor mange prosent som svarte “Noko ueinig”. Talet midt på kvar søyle viser kor mange som svarte “Verken einig eller ueinig”. Det mest vanlege svaret er “Noko einig”, dette svarar totalt 24 prosent av nordmenn. Vidare viser den mellomgrå delen kor mange som svarte “Einig”, og den mørkaste grå viser kor mange prosent som svarte “Svært einig”. Tala er frå hausten 2023. Figuren viser at blant dei yngste (54 prosent), dei som har fullført høgare utdanning (57 prosent), og dei som bur i storby1 (54 prosent), er dei fleste ueinige i at vekst skal prioriterast over vern. Dette er heilt i tråd med det som er forventa basert på forsking på framvekst av post-materialistiske verdiar. Politisk er resultata også som forventa. Framstegspartiet (Frp) (75 prosent) og Høgre (58 prosent) sine veljarar er mest einige i å prioritere vekst framfor vern. Blant Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) sine veljarar vil omtrent alle prioritere miljøet framfor økonomisk vekst (91 prosent).

Diskusjon

Denne trendlinja kan vurderast i samanheng med trendlinjene som viser nordmenn sitt syn på økonomien og kva som blir sett på som dei viktigaste politiske sakene. At oppslutninga om den grøne linja veks med åra, er som forventa basert på teoriane til Inglehart (m.fl.) om post-materialistiske verdiar. Når den økonomiske og fysiske tryggleiken er på plass, er det rom for å ønskje å verne miljø. Når den økonomiske og fysiske tryggleiken er trua, vil ein del prioritere vekk slike post-materialistiske verdiar som vern av miljø. At den grå linja veks igjen i 2023 er dermed også i tråd med Inglehart (m.fl.) sine teoriar, når vi ser kor stor del av nordmenn som meiner at den økonomiske situasjonen i Noreg er dårleg no. Dette vitnar også “Hjartesak”-analysen om. Den viser kva nordmenn svarar at er den viktigaste politiske saken for dei. I frå 2017-2022 er det ein mykje større del nordmenn som seier at miljø er den viktigaste politiske saka2, men hausten 2022 overgår prosentdelen som seier økonomi (15 prosent) prosentdelen som seier miljø (12 prosent)3.

Litteraturliste

Inglehart, Ronald. 1990. Culture Shift in Advanced Industrial Society. Princeton University Press. https://books.google.com?id=ztYnOnSgs1EC.
———. 1995. «Public Support for Environmental Protection: Objective Problems and Subjective Values in 43 Societies». PS: Political Science and Politics 28 (1): 57–72. https://doi.org/10.2307/420583.
———. 2007. «Postmaterialist Values and the Shift from Survival to SelfExpression Values». I The Oxford Handbook of Political Behavior, redigert av Russell J. Dalton og Hans‐Dieter Klingemann, 0. Oxford University Press. https://doi.org/10.1093/oxfordhb/9780199270125.003.0012.
Inglehart, Ronald, og Christian Welzel. 2005. Modernization, Cultural Change, and Democracy: The Human Development Sequence. Cambridge: Cambridge University Press. https://doi.org/10.1017/CBO9780511790881.
López de Calle Bastida, Nuria. 2023. «Prioritizing the Environment or Economic Growth: Insights from the World Values Survey». https://academica-e.unavarra.es/xmlui/handle/2454/45709.
Norris, Pippa, og Ronald Inglehart. 2019. Cultural Backlash: Trump, Brexit, and Authoritarian Populism. Cambridge: Cambridge University Press. https://doi.org/10.1017/9781108595841.

Footnotes

  1. Denne bakgrunnsvariabelen er basert på eiga vurdering av området respondenten bur i. Vi spør: «Hvilken beskrivelse passer best på området du bor i?», med svaralternativa: «En storby», «En forstad eller utkanten av en storby» («Forstad» i figur 2), «En liten eller mellomstor by» («Mindre by» i figur 2), «Et bygdesentrum» («Bygd» i figur 2) og «Et spredtbygd strøk» («Spredtbygd» i figur 2).↩︎

  2. Før koronapandemien, i januar 2020, svarte 17 prosent at noko med miljø var viktigast, og berre 4 prosent skreiv noko med økonomi.↩︎

  3. I februar 2023 er det ganske likt, 12 prosent svarar økonomi, og 14 prosent svarar miljø. Hausten 2023 er det ganske lik fordeling mellom dei to – 14 og 15 prosent.↩︎