Dei tapte veljarane til Senterpartiet

Forfattere

Postdoktor Marta R. Eidheim

Publisert

22. august 2025

Introduksjon

Eit av dei sentrale politiske skifta i norsk politikk i seinare tid er det Senterpartiet som har stått for. Under Solbergregjeringa (2013-2021) opplevde Senterpartiet stor framgang på målingar og i val. Som opposisjonsparti lukkast dei i å fremje motstand mot det dei kalla sentraliserande politikk frå regjeringa, og målbar frustrasjonen frå veljarar i periferi og distrikt. I perioden som var prega av ei rekke strukturreformar kunne Senterpartiet vere eit mykje tydelagre opposisjonsparti enn Arbeidarpartiet.  I stortingvalet 2021 fekk partiet 13,5 prosent av stemmene, som var partiet sitt nest beste resultat etter krigen, berre slått av valet i 1993 då EU-saken var det store stridstema i valkampen. På målingane i året som leia opp til valet flaug partiet endå høgare, og fekk over 20 prosent ei stund. Veksten bidrog til at den raudgrøne blokka vann valet og kunne danne ei mindretalsregjering satt saman av Arbeiderpartiet og Senterpartiet.

Opinionstrendar har vist oss at kveitebrødsdagane ikkje varte lenge for denne raudgrøne regjeringa. Dei mista raskt popularitet i ei tid som skulle verte prega av blant anna høgare levekostnadar for folk flest og uro internasjonalt. Begge regjeringspartia måtte lenge svare for dalande oppslutning blant veljarane. Til slutt, sju månadar før stortingsvalet 2025, gjekk Senterpartiet ut av regjeringa. Grunngivinga var at dei to regjeringspartia ikkje var samde i kor vidt ein skulle innføre EU-direktiv som regulerer straum- og energipolitikken. Senterpartiet motsette seg ei slik innføring, og trakk seg frå regjeringssamarbeidet.

I tida etter dette brotet fekk Arbeiderpartiet ei kraftig auke på meiningsmålingane, medan Senterpartiet framleis stod svekka med ei oppslutning rundt 5-6 prosent våren 2025. Ved hjelp av data frå Norsk medborgerpanel kan vi forsøke å forklare suksessen og fallet til partiet ved å undersøke kva det er som kjenneteiknar dei som har forlete Senterpartiet samanlikna med dei som vert att. Ei slik analyse kastar lys over eit av dei sentrale politiske skifta i norsk politikk dei seinare åra.

I dette notatet skal vi svare på følgjande spørsmål:

  • Kva kan forklare tapet til Senterpartiet?

    • Kva parti går dei tidlegare veljarane til?

    • Kva slags demografiske forskjellar er det mellom dei som er att og dei som er tapt?

    • Kva slags haldningar og meiningar skil dei?

    • Kvar i det politiske landskapet finner vi dei som vil stemme på SP no?

Hovudfunn

  • Senterpartiet har mista veljarar til parti på begge sider av blokkene– i størst grad til Arbeiderpartiet og Framstegspartiet (omtrent like mange).

  • Dei har mista fleire veljarar som bur i mellomstore stadar, og fleire middelaldrande.

  • Tapet ser ut til å skuldast at dei ikkje har klart å halde på veljarane som er meir til høgre ideologisk og i økonomisk politikk, som meir misfornøgde, og som er meir positive til EU.

  • Avskalinga er ikkje veljarar som er mindre for lokalt sjølvstyre. Dei som har forlete dei er like for lokalt sjølvstyre som dei som vert att.

  • Dei som i dag seier dei vil stemme på Senterpartiet er plassert i sentrum-venstre på det politiske spekteret, og er dei veljarane som er mest skeptiske til EU.

Data

Data brukt i desse analysane kjem hovudsakeleg frå runde 33 av Norsk medborgerpanel. Den gjekk i felt i juni 2025. I tillegg nyttar vi panelfortrinnet i data ved å  bruke svar på kva respondentane svarte dei stemte i 2021 i kort tid etter valet. Slike data er meir pålitelege fordi vi ikkje er avhengige av at folk må hugse fire år tilbake i tid. Resultata er vekta med surveyvekter for å korrigere for kjente skeivheiter i data når det kjem til utdanning, region, alder og kjønn. Analysen fokuserer i stor grad på dei som stemte på Senterpartiet i 2021 – som utgjer omtrent 750 respondentar (avhengig av kva slags variablar vi ser på). Det betyr at det hefter noko større usikkerheit ved estimat der vi tek for oss undergrupper det er få av. I analysen av haldningar er resultata basert på regresjonanalysar der ein kontrollerer for utdanning, kjønn og alder. Desse resultata vil vidare verte samanlikna med gjennomsnittlege haldningar blant dei som vil stemme på dei ulike partia for å sette det i kontekst av heile partispekteret. Her bruker vi alle som har svart på dei ulike haldningsspørsmåla og som har oppgitt eit parti (på Stortinget) dei vil stemme på. Ordlyden i spørsmåla som er brukt her er tilgjengeleg i appendiks.

Resultat

Veljarovergangar

Tabell 1 syner veljarovergangar frå 2021 til stemmeintensjon i juni 2025. Totalt sett tyder våre data frå juni på at Senterpartiet låg an til å miste eit stort fleirtal av dei veljarane dei hadde i 2021. Av dei som stemte SP i 2021 står partiet under 30 prosent. Som vi ser av den diagonale, gule markeringa er dette lågast av alle partia. Dei fleste tidlegare veljarane går til AP (23 %) og FrP (21 %) (grøn kolonne).  Rundt 6 prosent går høvesvis til Raudt og mindre parti, som ikkje er representert på Stortinget.  Avskalinga er eit resultat av at ein god del veljarar til går borgarleg blokk (30 %), men total sett er fleire igjen på den raudgrøne sida (ca. 60 % inkludert dei som vil stemme på partiet igjen).

Tabell 1. Veljarovergangar

Parti 2021

R

SV

AP

MDG

SP

KRF

V

H

FRP

An

Total

Obs.

Vår 2025

R

59,6

8,5

2,4

5,0

6,7

1,2

1,1

0,7

0,4

3,3

7,1

442

SV

12,1

52,4

4,2

9,7

2,4

1,9

0,8

0,1

0,0

1,6

7,9

586

AP

10,7

26,9

77,5

19,8

23,1

6,0

11,1

6,4

2,7

6,1

28,6

2 047

MDG

3,0

4,8

1,4

51,0

0,6

2,1

2,6

0,4

0,0

0,3

4,2

303

SP

1,6

0,2

0,6

0,2

26,7

1,1

0,0

0,2

0,3

1,5

4,0

232

KRF

0,2

0,1

0,1

0,6

2,0

64,1

1,9

0,8

0,1

0,7

2,6

197

V

1,4

3,5

1,5

10,5

1,8

2,5

57,9

3,1

0,3

0,1

4,9

382

H

0,8

0,6

5,2

1,4

5,2

5,6

15,4

58,8

3,8

2,4

15,3

1 101

FRP

1,5

1,6

3,8

0,7

21,5

7,8

5,4

26,7

82,9

25,5

18,5

962

INP

1,2

0,7

0,5

0,0

4,0

1,0

1,2

0,7

3,9

18,3

2,1

91

An.

7,9

0,8

2,6

1,0

6,2

6,7

2,7

1,9

5,7

40,1

4,8

281

Total

100

100

100

100

100

100

100

100

100

100

100

6 624

Demografi

Tabell 2 viser kor stor del av veljarane som har forlete Senterpartiet i ulike demografiske grupper. Når vi deler inn i mange grupper vert estimata meir usikre, men tendensen er at av dei som stemte Senterpartiet i 2021, er det fleire i prosent som har forlete partiet i særleg forstadar og små byar samanlikna med bygdesentrum og spreiddbygde strøk. Ein annan tendens er at fleire har forlete dei i særleg Nord-Noreg og Oslo, samanlikna med Austlandet utan Oslo. Når det gjeld alder tyder data på at et er fleire fødd mellom 1960 og 1980 som har forlete partiet samanlikna med dei som er eldre. Det er ikkje forskjellar mellom utdanningsgrupper og kjønn i kven partiet har tapt.

Tabell 2: Veljartap for SP mellom 2021 og 2025 (intensjon) innan ulike grupper

Alle % Tal på obs.
75 766
Område
Storby 74 76
Forstad 87 92
Liten/mellomstor by 81 200
Bygdesentrum 75 194
Spreiddbygde strøk 65 204
Region
Oslo 85 37
Austlandet 70 308
Sørlandet 78 32
Vestlandet 76 217
Trøndelag 77 67
Nord-Norge 85 105
Alder
1959 og før 68 377
1960-1980 80 357
1990 og seinare 71 32
Kjønn
Mann 75 448
Kvinne 76 318
Utdanning
Utan høgare utdanning 75 363
Høgare utdanning 75 393

Haldningar

Ideologisk sjølvplassering

Det første vi har undersøkt er den grunnleggande ideologiske orienteringa til dei tapte veljarane kontra dei som vert igjen. Figur 1 viser resultat av ei logistisk regresjonsanalyse med ideologi som uavhengig variabel. Modellen kontrollerer for kjønn, alder og utdanning. Desse resultata viser at dei tapte veljarane ligger lengre til høgre enn dei som har vorte igjen i partiet. Figur 2 syner at dagens potensielle veljarar for Senterpartiet, det vil seie alle som har sagt dei vil stemme på partiet juni 2025, legg seg litt til venstre for midten på denne skalaen.

Figure 1. Basert på logistisk regresjonsanalyse der forlate versus å vere att i partiet er avhengig variabel. Modellen kontrollerer for kjønn, alder og utdanning. Obs.= 746

Figur 2. Figuren viser gjennomsnitt på variabel etter kva parti folk seier dei vil stemme. Resultata er vekta. Obs.= 12 233

Økonomiske omfordeling

Resultatet over passar med det vi finner i Figur 3. Basert på same framgangsmåte som over, viser figuren at dei som har forlete partiet står meir til høgre i spørsmål om inntektsfordeling. Figur 4 viser at dei som no seier dei vil stemme på Senterpartiet er på nivå med dei som seier dei vil stemme på Arbeidarpartiet og MDG når det gjeld einigheit i at staten skal jobbe for å redusere inntektsforskjellar.

Figur 3. Basert på logistisk regresjonsanalyse der forlate versus å vere att i partiet er avhengig variabel. Modellen kontrollerer for kjønn, alder og utdanning. Obs.= 751

Figur 4. Figuren viser gjennomsnitt på variabel etter kva parti folk seier dei vil stemme. Resultata er vekta. Obs.= 7 628

Syn på EU

Figur 5 viser sannsynet for å ha forlete partiet forklart av EU-haldningar. Resultatet viser at dei veljarane partiet har mista er meir positive til EU. Gitt korleis Senterpartiet har forklart sin exit frå regjeringa, gir det meining at veljarane dei har att er meir skeptiske til EU. Figur 6 illustrerer korleis dei potensielle veljarane til Senterpartiet er klart dei mest EU-skeptiske, følgt av dei som seier dei vil stemme på Rødt, FrP og KrF.

Figur 5. Basert på logistisk regresjonsanalyse der forlate versus å vere att i partiet er avhengig variabel. Modellen kontrollerer for kjønn, alder og utdanning. Obs.= 520

Figur 6. Figuren viser gjennomsnitt på variabel etter kva parti folk seier dei vil stemme. Resultata er vekta. Obs.= 9 208

Lokal-nasjonal

Vi har også undersøkt haldningane til kva nivå som bør ta fleire avgjersler. Som Figur 7 viser, finner vi ikkje forskjell mellom nye og gamle veljarar. Figur 8 viser at partia sine veljarar samlar seg på midten i dette spørsmålet, men at Senterpartiet, KrF og FrP sine veljarar er likt plassert noko over midten mot lokal side.

Figure 7. Basert på logistisk regresjonsanalyse der forlate versus å vere att i partiet er avhengig variabel. Modellen kontrollerer for kjønn, alder og utdanning. Obs.= 521

Figur 8. Figuren viser gjennomsnitt på variabel etter kva parti folk seier dei vil stemme. Resultata er vekta. Obs.= 9 199

Tilfredsheit med demokratiet

Figur 8 viser forholdet mellom å ha forlate Senterpartiet og tilfredsheit med demokratiet. Dei veljarane partiet har mista er i mindre grad tilfredse med demokratiet. Figur 9 viser at dei som seier dei vil stemme på Senterpartiet er meir tilfredse enn dei som seier dei vil stemme Raudt og særleg FrP, men at veljarane til dei fleste andre partia er meir tilfredse (sjølv om forskjellane her ikkje er veldig store).

Figur 9. Basert på logistisk regresjonsanalyse der forlate versus å vere att i partiet er avhengig variabel. Modellen kontrollerer for kjønn, alder og utdanning. Obs.= 522

Figur 10. Figuren viser gjennomsnitt på variabel etter kva parti folk seier dei vil stemme. Resultata er vekta. Obs.= 9 157

Oppfatningar

Syn på økonomien

Figur 11 viser samanhengen mellom synet på økonomien og å forlate Senterpartiet. Den viser at dei tapte veljarane i større grad ser på den som dårleg enn dei som er att. Figur 12 viser at det er ganske jamt mellom potensielle veljarar i dette synet. Dei som vil stemme FrP og Raudt er noko meir pessimistiske. Dei som vil stemme på Senterpartiet legg seg på same linje som dei andre veljarane. AP sine veljarar som ser ut til å vere noko meir optimistiske.

Figur 11. Basert på logistisk regresjonsanalyse der forlate versus å vere att i partiet er avhengig variabel. Modellen kontrollerer for kjønn, alder og utdanning. Obs.= 523

Figur 12. Figuren viser gjennomsnitt på variabel etter kva parti folk seier dei vil stemme. Resultata er vekta. Obs.= 9 234

Tilfredsheit med regjeringa

I figur 13 ser vi resultatet av ein regresjon der tilfredsheit med regjeringa er forklaringsvariabel. Den viser at sannsynet for å skifte frå Senterpartiet er større hos dei som er misnøgde med regjeringa, sjølv etter at Senterpartiet forlèt regjeringa. Figur 14 viser, ikkje overraskande, at det er dei som seier dei vil stemme AP som er mest nøgde, medan dei som vil stemme FrP er minst nøgde. Senterpartiet sine potensielle veljarar ligger ein stad i midten, på linje med dei som vil stemme Venstre.

Figur 13. Basert på logistisk regresjonsanalyse der forlate versus å vere att i partiet er avhengig variabel. Modellen kontrollerer for kjønn, alder og utdanning. Obs.= 521

Figur 14. Figuren viser gjennomsnitt på variabel etter kva parti folk seier dei vil stemme. Resultata er vekta. Obs.= 9 222

Multivariat analyse

Den siste analysen baserer seg på multivariat logistisk regresjonsanalyse. Her estimerer ein samanhengen mellom ein forklaringsvariabel, det vil her seie demografiske kjenneteikn og haldningar, og sannsynet for å forlate Senterpartiet, samtidig som ein kontrollerer for andre faktorar. Slik kan ein få ei meir presis innsikt i kva som har mest betydning som forklaring på partiskifte når ein tek høgde for fleire forhold samtidig. Det kan vere ei avgrensing at vi ikkje kan kontrollere for alt som kan tenkast å forklare veljartapet. I tillegg er analysen basert på 508 observasjonar, som kan gi større usikkerheit, og for eksempel gjere at små effektar ikkje vert signifikante. I og med at dette ikkje er ei stor veljargruppe er dette likevel eit godt datagrunnlag for å kunne seie noko om desse veljarane, særleg samanlikna med vanlege meiningsmålingar som typisk ikkje har like mange observasjonar.

Regresjonsmodellane inneheld demografisk bakgrunn, og sentrale haldningar og oppfatningar i norsk politikk. Haldningane er: om ein er for omfordeling, om ein er positiv eller negativ til EU, om heller mot nasjonal eller lokal styring, om ein er mest for økonomisk vekst eller miljøvern, om ein vil ha meir liberal eller streng flyktningpolitikk, om ein er tilfreds med demokratiet, evaluering av økonomien og tilfredsheit med regjeringa. I appendiks kan ein finne ordlyden til spørsmåla.

Tabell 3 syner resultata frå to regresjonsanalyser. I første modell er demografi og haldningar inkludert. I andre modell legger vi til dei meir situasjonsbaserte oppfatningane om økonomi og regjering. Modell 1 tyder på at særleg haldningar til inntektsforskjellar, synet på EU og tilfredsheit med demokratiet er med på å forklare kva for veljarar partiet har mista. I modell 2 ser vi at synet på økonomien ikkje er signifikant når ein tek høgde for desse andre haldningane, medan tilfredsheit med regjeringa er signifikant. Her mistar også tilfredsheit med demokratiet signifikans, som tyder på at denne siste haldninga tek høgde for denne misnøya med demokratiet.

Tabell 3. Logistisk regresjonsanalyse

Variablar (1) Forlate vs. vere att (2) Forlate vs. vere att
Redusere inntektsforskjeller -0.356**
(0.111)
-0.345**
(0.107)
Syn på EU 0.587***
(0.106)
0.640***
(0.119)
Lokal-sentral -0.00393
(0.0572)
0.0319
(0.0595)
Vekst over vern 0.168
(0.0929)
0.150
(0.0980)
Streng-liberal flyktningpolitikk -0.0260
(0.119)
0.0535
(0.127)
Tilfredsheit med demokratiet -0.777***
(0.178)
-0.317
(0.193)
Syn på økonomien -0.110
(0.151)
Tilfredsheit med regjeringa -0.736***
(0.197)
Ref: Ein storby
Ein forstad eller utkanten av ein storby 0.671
(0.549)
0.456
(0.563)
Ein liten eller mellomstor by 0.775
(0.527)
0.796
(0.571)
Eit bygdesentrum 0.133
(0.473)
0.0724
(0.515)
Eit spreiddbygd strøk 0.00415
(0.476)
-0.138
(0.516)
Høgare utdanning 0.221
(0.279)
0.307
(0.284)
Kvinne 0.342
(0.282)
0.330
(0.294)
Ref: Fødd før 1960
1960-1989 0.592*
(0.275)
0.427
(0.300)
1990 og seinare 0.386
(0.588)
0.108
(0.678)
Konstant 2.992**
(1.130)
3.859**
(1.317)
Observasjonar 508 508

*** p<0.001, ** p<0.01, * p<0.05

Oppsummering

Tapet til Senterpartiet mellom 2021 og 2025 er betydeleg. Det betyr at dei har mista mange veljarar i alle samfunnsgrupper. Det er likevel nokre mønster i data som kan vere med på  å forklare nedgangen til partiet. Dei veljarane partiet har mista går i størst grad til Arbeidarpartiet og Framstegspartiet. Dei har i høgare takt tapt veljarar som ikkje bur på bygda, og som er middelaldrande. Veljartapet er også større blant dei som er plassert meir til høgre i politikken når det gjeld økonomiske spørsmål, og kvar dei plasserer seg sjølve på det politiske spekteret. Dei tapte veljarane er også tydeleg meir positive til EU, noko som gir meining gitt at dette var saka partiet ofra regjeringsdeltaking for. Dei har også mista veljarane dei mobilisert som er mindre tilfredse. Avskalinga ser dermed ut til å iallfall delvis skuldast at dei ikkje har klart å halde på dei veljarane dei fekk då dei var eit større opposisjonsparti og mobiliserte fordi dei klarte å målbere ein frustrasjon med korleis sentrale myndigheiter behandla periferi og utkantar. Analysen viser at dei ikkje klarte å halde på mange av dei frustrerte veljarane. Dette liknar på dynamikk som er observert når høgrepopulistiske parti har hamna i regjering. Dei som no vil stemme på Senterpartiet har ein sentrum-venstre profil, bur i større grad på bygda og har ei svært skeptisk haldning til EU – det ein gjerne kallar  grunnfjellet til partiet.

Appendiks

Ordlyd

Venstre-høgre-plassering: I politikken snakker man ofte om “venstresiden” og “høyresiden”. Nedenfor er en skala der 0 representerer de som står helt til venstre politisk, og 10 representerer de som står helt til høyre politisk. Hvordan vil du plassere deg selv på en slik skala?

0             Venstresiden

1

2

3

4

5

6

7

8

9

10           Høyresiden


Inntektsforskjellar: Hvor enig eller uenig er du i følgende forslag:

Regjeringen bør jobbe for å i større grad redusere inntektsforskjeller i samfunnet.

Svært enig

Enig

Noe enig

Verken enig eller uenig

Noe uenig

Uenig

Svært uenig

(skala snudd)


Syn på EU: Hvor positiv eller negativ er du til norsk medlemskap i EU?

Svært positiv

Positiv

Noe positiv

Verken positiv eller negativ

Noe negativ

Negativ

Svært negativ

(skala snudd)


Lokal-nasjonal: Vennligst plasser deg selv på skalaen under, hvor

0 betyr at flere politiske saker bør avgjøres av lokale eller regionale myndigheter og

10 betyr at flere politiske saker bør avgjøres av sentrale myndigheter. 

0             Flere politiske saker bør avgjøres av lokale eller regionale myndigheter

1            

2            

3            

4            

5            

6            

7            

8            

9            

10           Flere politiske saker bør avgjøres av sentrale myndigheter


Tilfredshet med demokratiet: Hvor tilfreds er du med måten demokratiet fungerer i Norge?

Svært tilfreds

Tilfreds

Noe tilfreds

Lite tilfreds

Ikke tilfreds i det hele tatt

(skala snudd)


Syn på økonomien: Hvordan oppfatter du den økonomiske situasjonen i Norge i dag?
Synes du den er:

Svært god

God

Noe god

Verken god eller dårlig

Noe dårlig

Dårlig

Svært dårlig

(skala snudd)


Tilfredshet med regjeringen: Hvor tilfreds er du med dagens regjering i Norge?

Svært tilfreds

Tilfreds

Noe tilfreds

Lite tilfreds

Ikke tilfreds i det hele tatt

(skala snudd)

Fotnotar

  1. Partiet har den siste tida klatra noko på målingane, som gir grunn til å tru at lojalitetstala kan verte noko høgare ved valet.↩︎

  2. Prosentane er vekta medan tal på observasjonar er uvekta. Dette gjeld heile notatet.↩︎