Senterpartiet og distriktsopprør gjennom ti år

Forfattere

Forsker Marta Rekdal Eidheim
Professor Anne Lise Fimreite

Publisert

January 3, 2024

«Politikerne bryr seg ikke om at de raserer et helt lokalsamfunn. Dette rammer jo ikke bare dem som mister jobben. Samboere og barn må bli med. Skoler, barnehager, butikker. Vi føler oss helt overkjørt. De ser ikke verdien av små plasser. Vi er ikke viktige.» 1.

Stortingsperiodane frå 2013 til 2021 var prega av ei konfliktlinje som ikkje er ukjent i norsk politikk, nemleg den som dreier seg om spenninga mellom sentrum og periferi (Rokkan 1987). Media kalla det eit distriktsopprør. Sakene media dekka omfatta alt frå misnøye med regulering av rovdyrfeltet, samanslåing av kommunar, nedlegging av fødestover, skular, og flystasjonar til plassering av vindmøller. Meir generelle oppfatningar om å ikkje verte prioritert og lytta til av dei som tek dei politiske avgjerslene i sentrum, slik sitatet over illustrerer, vart også trekt fram.

I perioden frå 1970-talet fram til årtusenskiftet var det først og fremst EU-kampane som blussa liv i sentrum-periferi konflikten (Bjørklund 1997). Denne gangen hadde ikkje konflikten eit like tydeleg opphav. Forskarar har likevel peika på at summen av reformar med et sentrum-periferi-tilsnitt initiert av Solberg-regjeringa, som kommunereforma, regionreforma og politireforma, kombinert med fråflytting og forgubbing i distriktskommunar, kan ha gitt grobotn for økt misnøye frå distrikta (Jenssen 2020; Eidheim and Fimreite 2020; Stein et al. 2021). Samtidig er politisk misnøye frå bygda ikkje berre eit norsk fenomen (Cramer 2016). Slik misnøye eller til og med harme 2. har vorte kopla til høgrepopulistisk haldningar og stemmegiving i vestlege demokrati (Huijsmans 2023; Jacobs and Munis 2023; Rodríguez-Pose 2018). Slik ser det ikkje ut til å vere i Noreg.

Eitt av opposisjonspartia - Senterpartiet – kunne med truverd fremje motstanden mot reformene til regjeringa Solberg. Truverdet var knytt til partiet sitt langvarige eigarskap til distriktspolitikken (Bergh & Karlsen, 2019). Senterpartiet fekk dessutan i samband med iverksettinga av alle desse reformene mange høve til å kommunisere bodskapen om at tenester skal vere nær folk, og at regjeringa ikkje lytta til behova der ute, særleg behova til dei som budde utanfor sentrale strøk. Vi fekk ein samtidig folkeleg motstand mot sentrum og ei tydeleg partipolitisk konflikt, som truleg forsterka kvarandre. Det største opposisjonspartiet – Arbeiderpartiet – hadde på si side ikkje ein like god posisjon i møte med denne konflikten. Som mangeårig styringsparti hadde partiet sjølv initiert eller støtta fleire reformar, for eksempel politireforma i 2015.

Når vi ser på data frå Norsk medborgerpanel, er det tydeleg at Senterpartiet segla i medvind under Solbergregjeringane (2013-2021). Grafen under (Figur 1) viser delen av den norske befolkninga som seier at dei liker Senterpartiet, målt første gang hausten 2013 og siste gang hausten 2023 3. Då Norsk medborgerpanel målte dette i 2013 var det rundt 25 prosent som svarte at dei likte Senterpartiet. Vi ser at særleg etter lokalvalet i 2015, og fram til tida mellom lokalvalet i 2019 og Stortingsvalet i 2021, auka populariteten til partiet kraftig. På det mest populære var det nesten halve befolkninga som sa dei likte Senterpartiet (i større eller mindre grad). På dette tidspunktet fekk det såkalla distriktsopprøret mykje merksemd, og partileiar Trygve Slagsvold Vedum var stadig å sjå i media. Frå figur 2 ser vi at populariteten ikkje auka berre i spredtbygde strøk og bygdesentrum ¬- den auka og i byar og forstadar (Om du trykker på “Sjå liker og misliker her” får du også opp kor mange som misliker Senterpartiet fordelt på kvar dei bur). Likevel er det ein tydeleg nivåforskjell basert på kvar ein bur. For eksempel var det tidleg i 2021 68% i spredtbygde strøk som sa dei likte Senterpartiet, medan det på same tidspunkt var 33% som sa det same i storbyane. Grafen bygger opp under bilete av Senterpartiet som eit parti som særleg mobiliser veljarar på bygda.

Denne populariteten førte til at partiet danna regjering saman med AP etter valet i 2021. I regjeringsforhandlingane fekk SP mellom anna gjennomslag for å gjenopne nedlagte politikontor og å reversere reformvedtak om tvangssamanslåing av kommunar, og fylka Troms og Finnmark, Viken og Vestfold og Telemark (Regjeringen 2021).

Trass i desse gjennomslaga, har medvinden snudd til motvind for partiet. Etter at partiet hamna i regjering fekk populariteten eit kraftig fall. Ved siste tilgjengelege måling er Senterpartiet tilbake på nivået av sympati dei hadde tilbake i 2013. Figur 2 viser at fallet i sympati fann stad både hjå dei som bur i byen og dei som bur på bygda. Det er ei forteljing om ein sterk vekst, og ei tilsvarande tydeleg fall. Vi ser at denne sympatien tok lengre tid å bygge opp enn å miste. Forskjellen mellom å sitte i opposisjon og posisjon for Senterpartiet i denne perioden er dermed betydeleg. Fallet kom klart til uttrykk ved resultatet i kommunevalet hausten 2023. Då fekk partiet redusert oppslutninga si med 6,2 prosentpoeng samanlikna med førre kommuneval.

Skjedde det så noko med motstanden mot sentrum i perioden då desse reformene vart bestemt og iverksett? Og kva med perioden etter at SP kom i regjering? Auka den i takt med merksemda konflikten fekk i media? Vart motstanden mindre då partiet som i størst grad er assosiert med distriktspolitikken kom til makta?

Grafen under (figur 3) kan gi oss svar på desse spørsmåla. Den viser at jamt over så er 70 prosent av den norske befolkninga einige i påstanden som seier at «Sentrale myndigheter tar for lite hensyn til utkant-Norge». Denne påstanden kan ein rekne som eit mål på motstanden mot sentrum. Grafen tyder på at ein del fleire slutta seg til denne haldninga etter lokalvalet i 2019, då heile 80 prosent sa seg einige. Likevel ser dette ut til å vere ei heller stabil haldning. Motstanden mot sentrum er ganske utbreitt slik vi måler han her. Haldninga ser ut til å ligge fast, uavhengig av oppslutninga til Senterpartiet, og kor vidt partiet er i regjering. Figur 4 viser kvar denne påstanden har størst tilslutning (Om du trykker på “Sjå einig og ueinig her” får du også opp kor mange som er usamde i påstanden fordelt på kvar dei bur). Ikkje overraskande er den størst på bygda. Heile 86% og 84% er einige i høvesvis spredtbygde strøk og bygdesentrum ved siste måling, medan 55% er einige i storbyane i same måling.

Funna her tyder på at haldinga til sentrum er ei ganske så grunnleggande haldning i den norske befolkninga. Men haldninga i seg sjølv påverkar ikkje val - for at det skal skje, ser det ut til at den må verte aktivert av andre omstende. Om veljarar skal sjå politikken med sentrum/periferi-briller må saker som betyr noko for distrikta og som omhandlar makta til dei i sentrum vere på agendaen. Det har også noko å seie at politiske aktørar, som eit politisk parti, appellerer tydeleg til dei som er i periferien og deira interesser. Slik vekkast denne type politisk tenking hos veljarane, og når motstanden mot sentrum først vert vekka, er det mykje kraft i den. Det vitna vala i 2019 og 2021 om.

Andre bidrag i denne notatsamlinga peiker på forhold som kan ha påverka fallet til Senterpartiet. Bidraga viser at den regjeringa partiet var ein del av tidleg møtte misnøye frå veljarane. Særleg ser dette ut til å vere kopla til oppfatninga av den økonomiske stoda i landet. Det er eit kjent fenomen i statsvitskapen at stoda i økonomien påverkar populariteten til dei som styrer. I dårlege tider vert regjeringar gjerne straffa med svakare oppslutning. Når andre konfliktlinjer – som den økonomiske – overtar, blir ikkje sentrum-periferi-konflikten like sentral lenger. Det vi likevel har lært er at dette er ein sovande kjempe som kan vekkast til live, og ha avgjerande innverknad på utfall i norsk politikk.

References

Bjørklund, Tor. 1997. “Old and New Patterns: TheNoMajority in the 1972 and 1994 EC/EU Referendums in Norway.” Acta Sociologica 40 (2): 143–59. https://www.jstor.org/stable/4201020.
Cramer, Katherine J. 2016. The Politics of Resentment: Rural Consciousness in Wisconsin and the Rise of Scott Walker. Chicago Studies in American Politics. Chicago, IL: University of Chicago Press. https://press.uchicago.edu/ucp/books/book/chicago/P/bo22879533.html.
Eidheim, Marta Rekdal, and Anne Lise Fimreite. 2020. “Geografisk Konflikt i Det Politiske Landskapet: En Fortelling Om to Dimensjoner.” Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift 36 (2): 56–78. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2936-2020-02-02.
Huijsmans, Twan. 2023. “Place Resentment in ‘the Places That Don’t Matter’: Explaining the Geographic Divide in Populist and Anti-Immigration Attitudes.” Acta Politica 58 (2): 285–305. https://doi.org/10.1057/s41269-022-00244-9.
Jacobs, Nicholas, and B. Kal Munis. 2023. “Place-Based Resentment in Contemporary U.S. Elections: The Individual Sources of America’s Urban-Rural Divide.” Political Research Quarterly 76 (3): 1102–18. https://doi.org/10.1177/10659129221124864.
Jenssen, Anders Todal. 2020. “Et Rekordvalg for Senterpartiet – Et Brøl Fra Periferien Eller Distriktspopulisme?” In Distriktsopprør - Periferien På Nytt i Sentrum, edited by Reidar Almås and Eirik Magnus Fuglestad. Dreyers forlag.
Regjeringen. 2021. “Hurdalsplattformen.” Rapport. Regjeringen.no; regjeringen.no. October 14, 2021. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/hurdalsplattformen/id2877252/.
Rodríguez-Pose, Andrés. 2018. “The Revenge of the Places That Don’t Matter (and What to Do about It).” Cambridge Journal of Regions, Economy and Society 11 (1): 189–209. https://doi.org/10.1093/cjres/rsx024.
Rokkan, Stein. 1987. Stat, Nasjon, Klasse. Oslo: Universitetsforlaget.
Stein, Jonas, Bjarte Folkestad, Jacob Aars, and Dag Arne Christensen. 2021. “The 2019 Local and Regional Elections in Norway: The Periphery Strikes Again.” Regional & Federal Studies 31 (3): 447–59. https://doi.org/10.1080/13597566.2020.1840364.

Footnotes

  1. Innbyggar råka av nedlegginga av Andøy luftstasjon til Aftenposten i 2017. Lenke: https://www.aftenposten.no/amagasinet/i/b1lEq/vi-er-ikke-sinte-vi-er-rett-og-slett-forbanna↩︎

  2. «Rural resentment» har vorte brukt ein del i denne litteraturen, sjå Cramer (2016)↩︎

  3. Tilsvarande graf for andre parti kan ein finne i fana «Utforsk data» eller «Trender».Der kan ein sjå at Arbeiderpartiet har opplevd eit liknande fall, men for dette partiet frå ei stabilt høg oppslutning.↩︎